Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Å jobbe klokt og samarbeide breitt

Grasrotarbeidet i sorg og kriser, den direkte kontakten, er framleis det viktigaste for Prostidiakonen i Vest-Telemark, Eilev Erikstein. I 2013 gjennomførte han heile fem hundre samtaler.

Sidan 1985 har Prostidiakonen i Vest-Telemark eksistert som eit samarbeid mellom sokneråd og kyrkjelege fellesråd i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Vest-Telemark sin diakonimodell er faktisk eit bidrag til norsk diakonihistorie. Modellen byggjer på eit utvida samarbeid over kommune- og soknegrenser med ei leiande diakonstilling.  Satsinga har dei siste åra blitt retta mot regionale institusjonar og tiltak som har verdi for heile Vest-Telemark, som til dømes verdiseminaret i Vinje, pilegrimsvandringar, diakonarbeid ved DPS (Distriktspsykiatrisk senter) i Seljord, deltakar i Felles ungdomsklubb i Vest-Telemark, fengselsdiakonien i Fyresdal og dei årlege Krisegruppeseminara for heile Vest-Telemark.
– Dette er den klokaste måten ein kan jobbe diakonalt i store geografiske område med relativt lite folk, seier Eilev. 

Naudsynte relasjonar
Å byggje gode relasjonar handlar mykje om ha tid til einskilde menneske. Prostidiakonen jobbar med å byggje gode relasjonar til folk, institusjonar og samfunn.
– Samhandling er komplisert, det offentlege har blant anna sine krav og rapporteringar. Ein må stole på at samarbeidspartane leverer fagleg gode tenester, skriv prostidiakonen i årsmeldinga for 2013.
Vidare uttalar han at folk som likar kvarandre kan samarbeide om alt, trass livssyn og grenser. I samtaler og oppfylgjing representerer kyrkja ein kjemperessurs. Diakonien skal ha eit spesielt syn for dei som ingen andre ser eller støttar.

Lang vandrarhistorie
Gjennom mange år har Eilev leia pilegrimsvandringane frå Vest-Telemark til Røldal. I løpet av sei siste åra har han også gått pilegrimsvandring saman med ulike andre grupper. «Å vandre med håp» er ei vandring i samarbeid med DPS (Distriktspsykiatrisk senter) i Seljord og dei kommunale psykiatritenestene. «Vandring for forandring» er eit samarbeid med RVTS Sør (Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging) og LEVE (Landsforeningen for etterlatte ved selvmord).

Eilev har månadlege visitorbesøk i Arendal fengsel sin skogsleir i Kleivgrend, Fyresdal. Kvar gong er det mellom 10-12 innsette som drikk kaffi og et kake med prostidiakonen og fylgjet hans. I 2013 arrangerte Eilev i samarbeid med fengselet ei pilegrimsvandring for innsette kalla «Vandring mot fridom». Fem innsette deltok. Ein av dei reflekterte slik etter vandringa:

Tysdag 24. september 2013, Ullevå til Svandalsflona:

– Fyrste dagen bruka eg til å sjå meg attende. Tenkte at
det skulle vera bra. Det vart slitsamt og veldig mykje klokare vart eg ikkje.
Andre dagen såg eg berre framover.
Det tenkjer eg å gjere heretter.

– Det handlar om mykje relasjonar og lite byråkrati. Og folk som er viljuge til å gå litt ekstra. Går du, så er ikkje alt vonlaust. Pilegrimsarbeidet er eit vonsprosjekt som flettar saman mange gode ting; folkehelse, eksistensielle spørsmål, sorg, soning, lengt og samanheng, kultur og historie, seier Eilev.

Tolmod
Kyrkjas folk, ikkje mist diakonane, har nærleikskompetanse. Det er heilt umissande i sorg og krisearbeid. Evna til å tole og ikkje minst ha syn for dei lange oppfylgingane er ei styrke.

Når ein ser ein kjær blom
trakka på og audmjukt og knekt
men ser han
reise seg på ny
få helse, få fargar, bli vakker
få kraft til å reise seg
då synest ein ikkje at livet er spilt

– Tarjei Vesaas –

 

Last ned Prostidiakonen sin årsrapport for 2013 her.

Diakon Eilev EriksteinEilev Erikstein i Rauland kyrkje.
Arild Hansen
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk