Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturprisen 2018 til Åsta Kostveit

Åsta Østmoe Kostveit har ei årrekke delteke i kulturlivet i Rauland.

I 1986 tok ho initiativ til å stifte Rauland Historielag. Her sat ho som ei drivande og kreativ kraft og var leiar i 22 år, fram til 2009. Rauland historielag fekk kulturprisen medan ho var leiar. Ho fekk sett i gang merking av gamle vegar i Rauland, trekt fram helleristningane på Sporanes, likeins gravfeltet i Vå, arrangert turar både i nærområdet og lengre av lei og gjett ut ei lang rekkje årsskrift med ulike tema og småstykke. I 2014 overtok ho som leiar i Rauland sanitetslag då dette stod i fare for å bli nedlagt. 
  

Åsta Østmoe Kostveit har også gjett ut eigne bøker innan kultur og folkeliv. Ein kan m.a. nemne bøkene Hesten i myter og folkekultur, Fuglen i folkekulturen, Ta til takke og Kors i kake, skurd i tre. I 2018 kom det ei bok med tema, kroting på låve og fjøsvegg med kniv, det me i dag ville ha kalla tagging. Åsta er og ein av drivkreftene bak «Viser og dikt» i samarbeid med Rauland folkeakademi. 

Det er Rauland historielag som har kome med forslag på kandidaten. Det var ei rørt Åsta som mottok meldinga om at ho var tildelt kulturprisen. Kulturprisen er kr. 20.000.- og ein diplom. Prisen blir delt ut på eit kommunestyremøte i vår.

Åsta Ø. Kostveit
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk