Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Aasmund og Odd Nordstoga

Aasmund og Odd Nordstoga er kåra til Årets nynorskbrukarar 2014. Dei får prisen for konsekvent og stilsikker bruk av dialektfarga nynorsk i mange former for songlyrikk, frå klassikarar til nyskrivne verk som raskt har kome på folkemunne, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.

– Vi er stolte over å vere i så godt selskap! seier prisvinnarane. – Og så er det veldig moro å bli sett pris på og lagt merke til for noko så personleg og viktig som språket, av eit så kompetent organ som Nynorsk kultursentrum. Det både forpliktar og inspirerer - tusen takk!


Songlyrikk på nynorsk er viktig
– Denne prisen framhevar den språkpolitiske verdien av at nynorsk blir brukt i så mykje songlyrikk. Det har hatt mykje å seie for utbreiinga av nynorsk og respekten for nynorsk. Brørne Nordstoga bruker populære lyrikkformer til å halde oppe og fornye denne litterære tradisjonen. Svært få songlyrikarar får slike allmenne prisar, seier Grepstad

Det er 15. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk. 


16 cd-ar og ny bok
Aasmund Nordstoga (fødd 1968) har gitt ut fire cd-ar sidan 2009, og Odd Nordstoga (fødd 1972) har gitt ut 12 cd-ar sidan 1997. Begge var svært aktive i Språkåret 2013, kvar på sine måtar, og saman med Ingebjørg Bratland framførte Odd Nordstoga ein nyskriven landssong på nynorsk ved opninga av Grunnlovsjubileet på Eidsvoll i februar. Nyleg gav Det Norske Samlaget ut «Song for deg og meg» i ny utgåve, redigert av Odd Nordstoga.  

For første gong på lenge har Aasmund og Odd Nordstoga ein stor felleskonsert opningskvelden under Dei nynorske festspela, få timar etter at dei offisielt er blitt kåra til Årets nynorskbrukarar 2014.
Aasmund og Odd Nordstoga
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk