Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bosnisk dag i Edland

I 1994 flytta fem bosniske familiar til Edland og Haukeli etter den dramatiske konflikten i Jugoslavia. Sundag blir dei 20 åra som har gått markert med stor felles feiring på Edland samfunnshus.

– Dei har funne seg vel til rette og har blitt store ressursar i bygda, seier ein av initiativtakarane, Ragnvald Christenson. Saman med Arif Smajic og Nihad Sijamhodzic skipar han til denne bosniske dagen for innbjodne gjester, ordførar Arne Vinje og bygdefolk elles. Målet er i fyrste rekkje å skape ein trivleg og samlande dag, der bygdefolket skal få høve til å bli enda meir kjende med heimstaden til dei «nye» haukelingane og æddingane. Gjestene vil få presentert bosnisk kultur gjennom både forteljingar, biletframsyning og matservering.

Eit godt samarbeid

Dei fleste bosniarane kjem frå kommunen Kljuc, som ligg 20 mil vest for Sarajevo. Vinje kommune har også støtta ei verna bedrift i Kljuc, «Tunel Kljuc». Denne verksemda har mykje til felles med vår lokale «Kvito». Mellom anna har Vinje kommune bidrege i eit oppussingsprosjekt av bustadar for funksjonshemma i byen. Sundag blir det difor ekstra stas når også ordføraren i Kljuc samt to representantar frå Tunel Kljuc tek turen til feiringa i Edland.

Kljuk
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk