Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Breibandutbygging

Søknad om tilskot til vidare utbygging av breiband i Vinje kommune.

Vinje kommune vurderer å søkje om tilskot til vidare utbygging av breiband i kommunen.  Eitt av krava for å få slikt tilskot er at planen for utbygging skal vera til høyring i kommunen. Regjeringa har gitt Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) i oppgåve å administrere tilskotsordninga.  Kommunar og fylkeskommunar kan søke NKOM om støtte, og kommunale søknadar blir sendt gjennom Telemark Fylkeskommune.

I samband med ein mogleg søknad inviterer vi difor bedrifter og innbyggjarar til å kome med innspel til kommunen i høve til denne saka innan 10. mai 2016. Kommunen vurderer å søkje om tilskot til breibandutbygging i dei områda av kommunen der kapasiteten og/eller kvaliteten er særs dårleg.

Kontaktperson i Vinje kommune er Knut Ringhus.

Innspel kan sendast som e-post til postmottak@vinje.kommune.no -vanleg brevpost, eller leverast på kommunehuset.  Merk innspelet med: Høyringsuttale breibandutbygging.


breiband
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk