Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Brosjyre om eigenberedskap

Omkring 5. desember vil alle landets husstandar motta ei brosjyre om eigenberedskap frå DSB. Brosjyren inngår i kampanjen "Du er en del av Norges beredskap", som DSB har utarbeidd saman med Oslo kommune. Målet er å gjere innbyggjarane meir medvitne og auke kunnskapane om å ivareta eigen tryggleik ved hendingar og kriser som rammer kritisk infrastruktur.

Avgjerda om å fulldistribuere brosjyren er teken etter at DSB har fått mange henvendelsar frå ulike hald med ønskje om at brosjyren burde sendast ut til alle husstandar i Noreg.

Bakgrunn

Logikken i kampanjen er at når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise, må hjelpa først ut til dei som treng det aller mest. Jo fleire av oss som er i stand til å ta vare på oss sjølv og hjelpe dei rundt oss ved ei hending, jo betre rusta står vi som samfunn. Hovudinnhaldet i kampanjen er konkrete råd om kva folk kan gjere for å førebu seg best mogleg.

Sjølv om vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, er risiko- og trusselbiletet i Noreg samansett og i endring. Klimaendringar, ekstremver, tryggleikspolitisk situasjon, terror og teknologi er døme på det. Vi blir stadig meir sårbare fordi vi er så avhengige av kritiske samfunnsfunksjonar – som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avlaup.

DSBs befolkningsundersøkelse viser at innbyggarane er lite førebudde på ei krise der mange mistar nettopp straum eller vatn, eller om det blir vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Difor jobbar DSB for å styrke medvitet og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga.
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk