Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Dagaktivitet

«Falkeriset» - Rauland omsorgsenter. Onsdag kl 08.30-14.30
«Grannestoga» - Vestli, Åmot. Måndag-onsdag-fredag kl 09.00-14.30
- Treng du ein stad der du kan møte andre?
- Saknar du aktivitet i kvardagen?
- Byrjar minnet å svikte?
- Er du pårørande til nokon med demens som kan ha nytte av dagtilbod?

Kven kan søkje?

Heimebuande personar med kognitiv svikt eller demens i tidleg fase - med behov for å ta del i sosiale samanhengar

Kva kan vi tilby?

Gode opplevingar i fellesskap med andre. Ulike aktivitetar etter behov og interesser. Henting til og frå eigen heim. Måltid i eit triveleg miljø. Avlasting for pårørande som står i ein krevande omsorgssituasjon. Glede og humor i fokus

Kva kostar det?

Pr 12.01.2018 kostar dette kr 142,-pr dag inkludert frukost, middag og transport. Prisen vert justert kvart år

Søknad sendast til Koordinering og tildelingskontor på søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

For meir informasjon kan du ta kontakt med Koordinering- og tildelingskontoret på telefon 35 06 25 54.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk