Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Diakoniprisen 2016

Gudny Lid Unhjem frå Øyfjell er årets diakoniprisvinnar i Vest-Telemark

Prostidiakon i Vest-Telemark Eilev Erikstein, omtalar prisvinnaren slik;
Årets diakoniprisvinnar i Vest-Telemark, Gudny Lid Unhjem frå Øyfjell, er ein av dei som trufast, og som få andre i Vest-Telemark, har følgd paragraf 9 i Kyrkjelova som handlar om undervisning, kyrkjemusikk og diakoni. Prisvinnaren har i meir enn 30 år vore med i sokneråd. Dei fleste som leiar, og slik vist at ho er villig til å ta ansvar i lokalsamfunnet og i den lokale kyrkja.
Ho har drive søndagsskule i mange år, og ho er medlem av samarbeidsutvalet for trusopplæringsarbeidet i sin kommune.

Nyleg har ho også tatt initiativ til å etablere eit diakonalt prosjekt der formålet er å styrke tilbodet til eldre.

Pilegrimsleia til Røldal går gjennom soknet der ho bur, og prisvinneren er pilegrimsvert og tar årleg imot slitne pilegrimar på veg mot Røldal.

 Ansvarskjensla viser seg og i at prisvinnaren er aktiv i anna samfunnsbyggande arbeid i bygda si, og ser diakonien som god bygdeutvikling  og nyt derfor stor respekt for arbeidet sitt.

Diakoniprisen for 2016 vart delt ut av styreleiar Oscar J. Garnes under årets Diakonisamling for Vest-Telemark i Kviteseid sundag kveld.

Tidlegare vinnarar av Diakoniprisen

1994: Gotfred Rekkebo (post mortem), Nissedal
1995: Vest-Telemark Blad, Kviteseid
1996: Kirkens SOS i Telemark,
1997: Nattcaféen i Treungen, Nissedal
1998: Anna Midtgård, Kviteseid
1999: Kari Veum, Nissedal
2000: Bjørn Hove, Møsstrond, Vinje
2001: Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid
2002: Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal, Fyresdal
2003: KFUM-speidarane i Vinje og Edland, Vinje
2004: Waldenstrøm Kafe, Kviteseid
2005: Oddvar Ripegutu, Søgne
2006: Arthur Haugen, Tokke
2007; ”Ungdom hjelper ungdom.” Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark, Kviteseid
2008: Leif og Signe Sølyst, Fyresdal
2009: Tusen Stjerner, Tokke
2010 Else Ibrekk, Kviteseid
2011 Martha Tveit, Nissedal
2012 Gunstein Seltveit, Tokke
2013 Kari Bjåen, Vinje
2014 Bønefelleskapet i Rauland, Vinje
2015 Kjell Lindheim, Kviteseid 

Diakonipris 2016 - Gudny Lid Unhjem
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk