Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Digital post frå kommunen

2.november startar Vinje kommune med å sende post digitalt til innbyggjarar og verksemder. Posten blir då sendt via den digitale postkassa i Altinn.

Altinn

Verksemder og innbyggjarar vil motta digital post frå Vinje kommune på www.altinn.no. Altinn er ei teneste for elektronisk dialog med det offentlege. Dette betyr at dokument som kommunen sender til deg, vil liggje på same stad som sjølvmeldinga og andre elektroniske dokument du får frå det offentlege. Du kan logge deg inn i Altinn ved bruk av MinID, BankID, Buypass eller Comfides. 

Varsel om motteke brev

Når me sender digital post til Altinn vil du få varsel på sms eller e-post om post frå oss. Sjølve brevet må opnast ved pålogging i Altinn. Du bør logge deg på i Altinn for registrere mobilnummer og e-postadresse dersom du ikkje allereie har gjort det.  Dei som ikkje opnar posten i Altinn vil motta brevet på papir som i dag. 

Digital post til verksemder

For verksemder som skal motta digital post frå Vinje kommune i Altinn, må verksemda delegere roller og rettar til å opne posten elektronisk. Normalt er det dagleg leiar i verksemda som er registrert som brukar i Altinn, medan posten blir handtert av andre. Difor er det viktig å gje spesiell tilgang til personar i verksemda som har denne oppgåva. Meir informasjon om dette er å finne på www.altinn.no. Verksemder kan ikkje reservere seg mot å motta post digitalt. 

Betre service

Det er målsettinga vår at digital sending av post vil gje betre service til innbyggjarar og verksemder gjennom auka elektronisk samhandling. Innbyggjarar og verksemder får brev raskare enn med tradisjonell brevpost, og dokumenta er lagra og tilgjengelege uavhengig av opningstida til kommunen. Ved at innbyggjarane nyttar digital postkasse, bidreg dei til at me kan bruke mindre pengar på porto, papir og transport, samtidig som miljøet blir skåna. Etter kvart vil det og vera mogleg å få levert posten til dei digitale postboksane Digipost og eBoks. Digital post er gratis å bruke, det er miljøvenleg og viktige brev er samla på ein stad. Du kan reservere deg mot å motta digital post frå kommunen. Dersom du aldri har registrert mobilnummer eller e-postadresse via ID porten treng du ikkje reservere deg. Les meir om reservasjon her.


digital post
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk