Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ny driftsmodell for legetenestene

Kommunestyret har vedteke å leggje om driftsmodellen for legetenestene i Vinje

Hovudlegekontoret skal vera i Åmot, og i Edland og Rauland skal det vera utekontor der legetilbodet skal tilpassast behovet lokalt, med normalt 2 – 3 opningsdagar i veka. I ei eiga sak skal det vurderast om utekontora skal vera der dei er no, eller om ei flytting til omsorgsentra i Edland og Rauland kan gjeva eit betre fagleg tilbod og betre utnytting av bygningane. 

Vedtaket bygde på innstillinga frå oppvekst- og velferdsutvalet. Føremålet med omlegginga er å utvikle eit helsetilbod som er meir stabilt og fleksibelt, særleg med tanke på dei som har mest bruk for tenestene rundt om i kommunen. Organisering av helsepersonell i team, helsestasjon i alle tre sentra og meir heimebesøk til sjuke pasientar er viktige element i dette opplegget.

Omlegginga blei vedteki med 13 mot 12 røyster. Mindretalet (Ap, H og Frp) ønskte å føre vidare den ordninga som er i dag, men slutta seg til teammodellen og punktet om helsestasjon.
Heile vedtaket kan lesast her.

Legekontor
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk