Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Elektronisk meiningsutveksling

Onsdag 5. mars starta Vinje pleie og omsorg med elektronisk sending av helseopplysingar mellom kommunen og alle døgnavdelingar ved alle sjukehus i Telemark.

Bruk av papir og faks blei samstundes avvikla. Dette inneber at oversending av naudsynte helseopplysingar om deg som pasient/brukar blir tryggare. Helseopplysingane som blir sendt mellom kommune og sjukehus går i kryptert form via eit lukka nett (Norsk helsenett).

Same dag starta også Nome, Sauherad, Bø, Skien, Drangedal, Tokke og Kviteseid opp. Målet er at 16 av 18 kommunar skal vera klare for elektronisk meldingsutveksling innan utgangen av mars månad.

Onsdag 5. mars starta me også opp med elektronisk meldingsutveksling mellom pleie og omsorg og fastlegane i kommunen.
Innan utgangen av mars månad er planen at også Tokke - Vinje legevakt og Tokke legekontor skal bruke elektroniske meldingar for utveksling av helseopplysningar til alle pasientar i Vinje og Tokke som mottek helse og omsorgstenester.

Etter mange års arbeid og venting, er dette endeleg blitt realitet.

Elektronisk melding
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk