Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Endring av forskrift for fritidskøyring og nye tilførselsløyper

Prosessen med endring av forskrift for fritidskøyring med snøskuter er godt i gang og det har kome gode innspel frå skuterklubbane og grunneigarar.

Saka blei handsama fyrste gong i plan- og miljøutvalet 24.10.18 og sendt ut på høyring og offentleg ettersyn. Plan og miljøutvalet har vedteke  å godkjenne alle framlegg til nye løyper der grunneigarane gjev samtykke, med nokre unntak som er beskrive i vedtaket, sjå saka for meir informasjon.

Når alle grunneigarar har svara og me har fått avklart kva for løyper som er aktuelle, skal saka til 2. gongs handsaming i plan- og miljøutvalet. Før 2. gongs handsaming må løypene vurderast i høve til mellom ana naturmangfald og skredfare. Saka må ut på ny høyring og offentleg ettersyn før saka kan handsamast 3. gong i plan- og miljøutvalet og vidare til kommunestyret for endeleg vedtak. På bakgrunn av dette vil dei nye løypene og tilfartsløypene truleg ikkje vere klare denne sesongen.
Skuterkøyring
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk