Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Etablerarkontoret i Vest-Telemark

Vest-Telemarkkommunane har avtale med Telemark Næringshage om faste møtepunkt for etablerarrettleiing i kommunane.
Det vil vera drop-in kontortid lokalt i kvart kommunesenter, ein dag annankvar veke.
I Vinje vil det vera onsdagar i oddeltalsveker kl. 10:00 - 14:00 på kommunehuset.

Kva er Etablerarkontoret?
I Telemark har alle kommunane ei førstelinjeteneste som er gratis og som vil gje deg gode råd slik at du kan gå frå idé til ny verksemd.
I Vest-Telemark er det Telemark Næringshage AS som leverer denne tenesta til Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Nissedal og Fyresdal.

Kva får ein hjelp til?
Du kan mellom anna få svar på spørsmål og gode råd om å starte bedrift, velge selskapsform, forretningsmodell, ta over gardsbruk, stifte aksjeselskap, gründerhjelp, søke stønad, lage budsjett, undersøke marknad, beregne investeringar, og mykje, mykje meir; - heilt gratis frå din kommune i Vest-Telemark.

​Første kontakt og kartlegging:
Telemark Næringshage vil levere tenesta på tvers av den varierte kompetansen våre rådgjevarar har, men Thomas Berstad har overoppsyn for tenesta, og første kontakten med etablerarane.
Vi vil legge vekt på at den første kontakten, enten på telefon, epost eller drop-inn blir veldig imøtekommande, men at vi hentar inn mest mogleg informasjon fra etablaren, slik at vi kan hjelpe mest mogleg effektivt.


Ein del av den første kontakten blir nytta til å registrere/ kartelegge behov ved hjelp av denne lenka: (Det tek 5 – 10 minutt å fylle ut) 

Etablerarkartlegging
Denne er laga for at vi skal kunne hjelpe deg som etablerar mest effektivt.
Dersom nokon ikkje har tilgang på pc, så får du hjelp til å fylle ut.
Basert på denne kartlegginga vil vi fordele etablerarane mellom rådgjevarane våre, basert på erfaring og kompetanse.

Hjelpa
Etter at kartlegginga er gjort så avtalar vi saman med etableraren, vegen vidare for kontakten.
Her vil vi gjere kontakten så individuelt tilpassa som mogleg. Nokre vil foretrekke eitt møte, andre treng kanskje råd over telefon eller epost.

Denne delen av tenesta ser vi føre oss å levere innanfor to veker frå første kontakt, med mindre etableraren ønsker anna, eller har særskilte behov.

Drop-in kontor
Vi har drop-inn kontortid lokalt i kvart kommunesenter, ein dag annakvar veke:

  • Fyresdal: Onsdag 10:00 – 14:00 – partalsveker ved NÆRINGSHAGEN.

  • Nissedal: Onsdag 10:00 – 14:00 – partalsveker på KOMMUNEHUSET.

  • Seljord: Tirsdag – 10:00 – 14:00 – parttalsveker på TELEBYGGET.

  • Kviteseid: Tirsdag – 10:00 – 14:00 – oddetalsveker ved NÆRINGSHAGEN.

  • Vinje: Onsdag 10:00 – 14:00 – oddetalsveker på KOMMUNEHUSET.

  • Tokke: Onsdag 10:00 – 14:00 – oddetalsveker på KOMMUNEHUSET.

​Vi er sjølvsagt å treffe i kommunesentra på andre tider etter avtale, eller i Telemark Næringshage kvar vekedag.

Tid til kvar?
I gjennomsnitt har vi ca 3 timer tjeneste per etablerar.
Men det er viktig å framheve at ved trong vil vi ha meir tid til dei som treng det.

Oppfølging:
Alle etablerarar vil få oppfølging etter 3 månader. Her vil vi prøve å yte litt meir hjelp dersom nokon fortsatt står «heilt fast».

Etablerarkontoret i Vest-Telemark

Vel Møtt!


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk