Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Flyging i samband med reinsjakta i Vinje 2016

I reinsjakta er det tillate å lande på alle vatn utanfor nasjonalparken i tida frå 3 dagar før jaktstart til 3 dagar etter jaktslutt.

Reinsjakta startar 20. august og varer til og med 30. september.

Skal du nytte fly/helikopter utanfor nasjonalparken i Vinje kommune i samband med villreinjakta, treng du ikkje søke kommunen om løyve, men du må ha løyve frå grunneigar.

I same tidsrom er det tillate å fly i samband med garnfiske. Helikopter har høve til å nytte same start- og landingsområde som sjøfly. Landing skal skje ikkje meir enn 150 m frå vatna. 
 
Skal du nytte fly/helikopter i nasjonalparken, må du kontakte grunneigar/valdsansvarleg der du skal jakte.
Grunneigar/valdansvarleg søker Tilsynsutvalet for Hardangervidda nasjonalpark om løyve til å nytte fly/helikopter i nasjonalparken - desse løyva blir berre tildelt grunneigar/valdansvarleg.

 

 

Berunuten - gevir
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk