Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Forsøksordninga med skuterløyper

Vi er no inne i siste sesong av den gamle forsøksordninga, og kommunen skal starte planlegging av skuterløyper med heimel i den nye prøveordninga som skal gjelde ut 2018.

I motsetnad til tidlegare år, vert ikkje løype 4 Åmot – Kostveit – Totak opna grunna inndregne løyver frå to grunneigarar. Kommunen og skuterklubben ber innstendig om at stenginga vert respektert, ettersom det aukar moglegheitene til å få med desse grunneigarane i det nye prøveprosjektet, og syner omverda at løypenettet vert respektert.

Planprosessen knytt til det nye forsøket har såvidt kome i gang. Før ein startar å sjå på nye trasear, vil kommunen kontakte grunneigarane som hadde løyper over sin grunn i den gamle forsøksordninga, for å høyre om dei vil vere med vidare. I forkant av ein slik kontakt, treng vi ei avklaring frå Miljøverndepartementet om grunneigarane kan avgrense talet på løyvehavarar og om dei kan trekkje løyvet sitt undervegs i forsøksperioden.

Skuterkøyring
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk