Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fosterheimskampanjen

Har du rom for ein til?

Over 11 000 born og unge i Noreg bur i fosterheim og talet aukar frå år til år. I den nasjonale rekrutteringskampanja for fosterheimar som byrjar denne veka, leitar ein etter folk med rom for ein til i livet sitt.

Kring 320 born i Noreg ventar på fosterheim per i dag. Dette er born med litt ekstra bagasje som treng trygge, gode og rause fosterforeldre som har «rom for ein til». Ein søkjer spesielt fosterheimar til eldre born og ungdom, til sysken, til born med etnisk minoritetsbakgrunn og fosterheimar blant slekt og i nettverk.

Aukande behov
Kvart år er det behov for kring 1000 nye fosterheimar i Noreg, og behovet vil auke i åra som kjem. Fosterheimar er det viktigaste barneverntiltaket for dei som ikkje kan bu heime, og åtte av ti fosterforeldre anbefalar andre å ta i mot eit born.

Målet med denne kampanja er å synleggjere behovet for fosterheimar og å senke terskelen for å ta kontakt med fosterheimsstenesta. Alle som vurderer å bli fosterforeldre, kan saman med Fosterhjemstjenesten i Telemark finne ut om dette er noko for deg og din familie.

fosterhjem.no finn du mykje informasjon om det å vere fosterforeldre, samt informasjon om kurs og møte og ikkje minst oversikt over born som treng ein ny heim.

Vil du vite meir?

Ta gjerne kontakt med Fosterhjemstjenesten i Telemark på tlf. 466 17 700 eller send e-post til telemark.inntak.fosterhjem@bufetat.no

Fosterheim
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk