Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Frigjerings- og Veterandagen 8. mai i Vinje

Me inviterer alle veteranar i Vinje og Tokke til markering av dagen.
Veteranar i resten av Vest Telemark er òg hjartleg velkomne.

Me har mange militære veteranar i Vest Telemark. Tal me har frå Forsvaret seier at det er over 110 personar. Av desse veit me at 33 bur i Vinje, 25 i Tokke og resten fordela på dei andre kommunane. Forsvaret gjev ikkje opp namnelister på militære veteranar slik at det er vanskeleg å invitere spesielt. På veterandagen skal me heidre alle veteranar frå 2. verdskrig og fram til i dag inkl. familiane deira.

8. mai er dagen i året veteranar i Norge skal heidrast, dagen blir difor kalla Frigjerings- og Veterandagen. Vinje kommune vil difor gjennomføre ei markering ved Vinje Forsvarsmuseum for alle veteranane i Vinje og Tokke kommune, men den er sjølvsagt open for alle veteranar i Vest-Telemark, sjå eiga lysing i VTB. Me oppmodar så mange som råd til å delta her, gjerne med avdelingsmerke på (beret/halstørkle/medaljer). Det er i tillegg mange veteranar som ikkje bur i Vest Telemark lenger, me hadde sett pris på om dei òg tok turen heimatt denne kvelden!

Dette er starten på ei fast årleg markering av 8. mai. 

Arrangementet blir gjennomført av Vinje kommune, Vinje Forsvarsmuseum, Heimevernet og NROF Vest Telemark.

Program

Kl. 08:00 Flaggheising
Blomar ved støttene (Åmot, Liosvingen og Mo Kyrkjegard)

Kl. 18:00  Tale ved ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven
Tale ved veteran
Kulturinnslag ved Knut Mosand
Omvising i Forsvarsmuseet ved Paul Strandskogen

Kaffe og kake

 


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk