Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Friluftslivets år 2015

Friluftslivets år 2015 – «No er det din tur!»

Korleis kan me markere dette saman? Vinje kommune er med på markeringa av Friluftslivets år! Er du?
Ordføraren i Vinje har allereie sagt ja til å overnatte ute frå 13. – 14. januar! Då er det den offisielle opninga av året.
Tek du utfordringa om å sova ute i naturen? Midt på vinteren? Me oppmodar lag/organisasjonar og andre til å deltaka i markeringa!

Dersom nokon tek initiativ til eit opplegg som omhandlar «Friluftslivets år», er det fint om de gjev attendemelding til kommunen, så kan me hjelpe til med å legge ut infoen under «kva skjer» på heimesida. Hugs at det gjeld gjennom heile året! 

Les meir her: http://www.friluftslivetsar.no/

For spørsmål eller meir informasjon, ta kontakt med Signe Marie Kittelsaa eller Silje Hagen.

friluftslivets år
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk