Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gode måltid i Vinje

Vinje sjukeheim vart vinnar av konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk» i Telemark!

Gjennom satsinga «Gylne måltidsøyeblikk» har statsråd Sylvi Listhaug invitert alle sjuke- og aldersinstitusjonar til å delta i ein konkurranse for å lyfte fram hyggelege måltidsaugneblink.

Vinje sjukeheim meldte seg på.

På landsbasis har omlag 160 sjuke- og aldersinstitusjonar delteke i konkurransen. 

Konkurransen er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å forbetre matomsorga på alle norske sjuke- og aldersheimar. Målet er å få fram dei sjuke- og aldersinstitusjonane som set god mat inn i ein større samanheng der opplevinga av måltidet og ramma kring dette er vektlagd. Ein ynskjer at dette tiltaket skal føre til betre medvite kring mat og kva måltidet har å seie for eldre. Måltida skal vere dagens høgdepunkt for alle.

Juryen kåra Vinje sjukeheim som vinnar av konkurransen i Telemark!

Prisen blir overrekt av Fylkesmannens representantar før formannskapsmøtet 26. november.



 


måltid
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk