Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Har du rom for fosterbarn?

Fosterbarn er som alle andre barn. Ulike. Felles for alle er behovet for vaksne som kan gje tryggleik, omsorg og kjærleik. 30. januar arrangerer Bufetat kurs for potensielle fosterfamiliar i Vest-Telemark.

For borna handlar det ofte om det mange tek for gjeve. Å ha nokon som hjelper med leksene, som fylgjer på fotballtrening og heiar frå sidelinja. Nokon som seier «god natt» og som gjer at du søv godt, kvar natt. Det handlar om å vere trygg, å vite at nokon bryr seg. Ein god oppvekst varer livet ut. Har du rom for eit fosterbarn, skal du vite at det er behov for deg.


Kurs i Morgedal
Per i dag er det omlag 40 barn i Telemark som treng ein ny og trygg heim. Det er allereie mange familiar i fylket vårt som står klare til å ta i mot fosterbarn, men for å imøtekoma borna sine ulike behov ynskjer no Bufetat å koma i kontakt med enda fleire potensielle fosterfamiliar i øvre Telemark. I samband med dette arrangerer Bufetat såkalla PRIDE-kurs i Morgedal 30. januar. PRIDE er eit opplæringskurs for familiar som vurderer å opne heimen sin for barn som treng ein ny stad å bu. I ei undersøking utført av Synaovate i 2010, synte det seg at helsepersonell er høgt representert blant dei som allereie er fosterheim. Hausten 2013 lanserte direktoratet difor ei kampanje som retta seg særskilt mot denne yrkesgruppa.


Både gifte, samboere, enslige eller likekjønnede par kan bli fosterforeldre.

Klikk her for å sjå kampanjefilmen!

På heimesidene til Bufetat finn du mykje god informasjon om fosterheimstenesten. Klikk her.


PRIDE kurs
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk