Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Mistanke om hjerneslag?

Plutseleg vanskeleg å snakke, smile eller løfte armane? Ring 113 med ein gong!

Erfaringar frå både her i landet og utlandet viser at pasientane sjølve eller pårørande ofte er det forsinkande leddet i behandling av hjerneslag. Dei kjenner ikkje symptoma og ventar for lenge med å kontakte helsetenesta.

Ein enkel test kan redde liv - mistenker du hjerneslag, kan du spørje den det gjeld om å gjera følgjande;

PRATE - SMILE - LØFTE

Prøv å smile, le eller vise tennane
Prøv å løfte begge armane
Prøv å sei ei enkel samanhengande setning

Kvart sekund tel - ring 113

Ikkje ver redd for å ringje 113 om du er i tvil - det er deira jobb å vurdere.
Ring 113 heller ein gong for mykje enn for lite.

Om den slagramma kjem raskt til vurdering og behandling, er moglegheitane for å unngå varige skader større.

Du finn meir informasjon og fakta om hjerneslag her.


Hjerneslag - syklist
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk