Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gratis HPV - vaksine

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde 1991 og seinare


HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. Vaksina kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødde 1991 og seinare (fødde mellom 1991-96) også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser, gjevne i løpet av 6-12 månader. Tilbodet gjeld innan utgangen av 2018.

Alle kvinner fødde 1991 og seinare får hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksina blir anbefalt til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadie til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.  

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. Vaksina kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødde 1991 og seinare (fødde mellom 1991-96) også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser, gjevne i løpet av 6-12 månader. Tilbodet gjeld innan utgangen av 2018.

Du kan få vaksina der du oppheld deg/går på skule eller i heimkommunen.

Kontaktperson ved Vinje helsestasjon: Bibbi Tveito, bibbi.tveito@vinje.kommune.no, telefon 958 20 015.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine finn du på folkehelseinstituttets nettside

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk