Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Hyttefelt og adressering

På møtet 22. mai vedtok kommunestyret vegnamn og områdenamn for dei aller fleste hyttefelta i Vinje. Det som står att, blir handsama i september.

Administrasjonen startar no opp med tildeling av adresser. Det vil sei at kvart adresseverdig bygg får ei unik adresse: adressenamn og nummer,  som blir lagt inn i matrikkelen og i vegnett. Erfaringa visar at det ute på forskjellige nettstader ligg kart og informasjon som ikkje er oppdatert. Dette kan ikkje kommunen dessverre gjere noko med.

Saman med skiltet får kvar eigar tilsendt brev med si adresse.

Kommunestyret har vedteke føresegner om oppsetting og kostnad for husnummerskilt. Kommunen kjøper inn husnummerskilt og sender dette ut til alle hytteeigarar. Kvar hytteeigar må sjølv sette opp skiltet. Kostnaden for skiltet er kr. 120,- pluss mva, dette blir fakturert av Vinje kommune.

I løpet av sommaren leverer eller sender kommunen ut skiltnummer til kvar hytte saman med eit fylgjebrev som seier kor og korleis skilta skal hengast opp.

Husnummer
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk