Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

I år var tema Den Andre

Førti menneske hadde sett av laurdag føremiddag på Vinjehuset for å ta del i Verdiseminar 2016

Prostidiakon Eilev Erikstein har oppsummert Verdiseminar 2016

Tradisjonar er viktig i Vinje. Sidan 2004 har kyrkje og kommune arrangert eit årleg verdiseminar. Tema har vore vidfemnande, men det har vore eit mål å lyfte fram saker som ikkje andre tek opp. Sære seminar vil nokon kalle det, men legg ein saman alle som har vore innom desse åra, er ein nær 900 deltakarar - så difor også viktige.

I år var tema Den Andre eller Den Are som det heiter på Vinjemål.
Førti menneske hadde sett av laurdagsføremiddagen på Vinjehuset for å høyre tankar og ord om tema. 

Ann-Magritt Austenå frå NOAS gav fyrst eit overblikk over norsk asylpolitikk dei seinare år." Det har vore mange svingar i denne politikken", sa ho.

Så delte Tone S. Garnes kulturarbeidar og tidlegare flyktningkonsulent røynsler frå den tida Vinje tok imot sine fyrste flyktningar. "Det handla om å sette dei rette folka i kontakt med kvarandre", reflekterte ho. 

Dei nye prestane i Tokke og Vinje, Tor Eivind Erikstein og Bjørn Nome, delte sine sin tankar om dialogarbeid frå Brussel og Groruddalen. Nome, tidlegare sjømannsprest, sa: "Me alle er papirlause menneske som treng å bli møtt som nokon, som eit subjekt"

Tor Eivind Erikstein oppmoda alle til å våge ordskiftet, óg om det er vanskeleg. "Slik kan ein også møte Den Andre", sa soknepresten i Tokke og Vinje. 

Avslutninga stod diakon i Sauherad Ivar Solbu for. Han gav gode døme på møte med Den Are gjennom si 40-årige teneste som diakon. 

Som vanleg var det ordføraren i Vinje som opna seminaret. Ordførar Jon Rikard Kleven sa at dette seminaret var noko han gleda seg til heile året. "Dette har vorte ein viktig møteplass i Vinje", sa han.

Verdiseminar 2016
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk