Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Idrettsstipend og Kulturstipend 2018

Frist for å søkje er 15. november 2018

Det er sett av kr 50 000 til idrett- og kulturstipend i Vinje. Målgruppa er utøvarar innan kultur og idrett mellom 16-25 år, og som har heimeadresse i Vinje kommune. Det delast ut eit kulturstipend og eit idrettstipend på 25 000 kvar.

Søkjarane må kunna dokumentere dugleik, talent og interesse utanom det vanlege på sitt område. Tilrådingar frå lag/organisasjonar og personar som meiner søkjaren er kvalifisera til å få eit stipend, kan leggjast ved søknaden.

Søknadsskjema finn du her. Du kan nytte det same skjema for båe stipenda sjølv om det heiter idrettsstipend. Har du spørsmål til søknadsprosessen kan du ta kontakt med silje.hagen@vinje.kommune.no eller signe.m.kittelsaa@vinje.kommune.no

Noter
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk