Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ikkje la joli gå opp i røyk

Julestjerne

I desember er det dobbelt så mange bustadbrannar som elles i året. Mange av desse brannane skuldast levande ljos og elektrisk jolepynt.
- Vær kritisk når du kjøper elektrisk jolepynt, det finst ein del utstyr av den billige sorten som er brannfarlege, seier pressetalsmann i Tryg forsikring, Roald Stigum Olsen.

Gode råd
Han har fleire gode råd å koma med inn i desembermånaden.
- Hugs å skru av joleljosa både før du legg deg og når du ikkje er heime. Og for all del, hugs å sjekke røykvarslaren. Eg ville aldri våga å lagt meg til å sove i eit hus utan røykvarslar, seier han.
Tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) viser at 25 prosent av dei omkomne i bustadbrannar dei siste fem åra ikkje hadde røykvarslar i huset, eller at den ikkje virka. Men det finst også andre potesielle brannkjelder.
- Ikkje legg mobiltelefonar eller nettbrett til lading i senga. Dette kan i høgste grad også forårsake brann, seier Stigum Olsen.

Hjelpemiddel
Det finst sprayboksar med slokkeskum som er lette og smarte å bruke. Dei kan slokke mindre branntilløp og er eit supplement til anna utstyr, som til dømes godkjent brannslokkingsapparat. Det finst også mange typer brannhemmande sprayar på marknaden. Med den kan du impregnere både møblar, gardiner, joletre og jolepynt. Brannhemmande spray kan redusere risiko for brann med heile 90 prosent. Den er laga av naturlege ingrediensar og er både giftfri og luktfri.

Brannførebygging
Jolepynt som har blitt pakka ned år etter år kan ofte vere skadd i både ledningar og ljospærer utan at du er klar over det. Det kan difor vere ein god idé å kjøpe nytt utstyr med led-ljos som er langt mindre brannfarleg, meiner representanten frå Tryg.

Det er mange ting du kan gjere for å førebygge brann i heimen din. Her er nokre gode tips:

• Reis aldri frå eit rom med levande ljos
• Set levande ljos utanfor rekkevidde for born og husdyr
• Adventskransar og joledekorasjonar med stearinljos må lagast slik at dei ikkje kan ta fyr
• Bruk sjølvslekkjande lys eller ljosmansjettar av stanniol i adventskransar og i dekorasjonar, ikkje la ljosa brenne heilt ned
• Påfør adventskranser og dekorasjoner brannhemmande middel. Dette reduserer risikoen for brann. Hugs at dekorasjonar med tente ljos likevel ikkje skal stå uten tilsyn
• Bruk gjerne lykter eller brannsikre fat under ljosa. Ikkje set levande ljos i nærleiken av gardiner eller andre ting som lett kan ta fyr
• Teljos må setjast i ljosestakar eller på eldfaste fat
• Ikkje bruk levande ljos på joletreet
• Slekk ljosa på joletreet om natta og når du forlet heimen
• Ha brannteppe, pulver- eller skumapparat lett tilgjengeleg. Sørg for at alle i hushaldninga kjenner til plassering og bruk
• Tørrkoking og smultbrannar er ein hyppig brannårsak, skru difor av kokeplater og komfyr om du forlet kjøkenet
• Fyr med tørr ved - ikkje bruk bensin, parafin eller andre bannfarlege væsker til opptenning
• Syt for god trekk i omnen, dette gjev god forbrenning og reduserer fare forsotbrann i pipa
• Faklar må plasserast i slik avstand at dei ikkje kan antenne bustaden
• Installer røykvarslarar i alle stoger, soverom og på kjøkene


Ha ei trygg og fin jolefeiring!
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk