Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Innsamling av foto frå Møsstrond

"Fjellbygda Møsstrond – innsamling av historiske fotografi" er eit fotoprosjekt der målet er å samle inn, digitalisere og bevare bilete frå Møsstrond for å kunne formidle den unike historia til ålmenta.

Historia om industrieventyret på Rjukan og Notodden, som i 2015 blei tildela verdsarvstatus, hadde truleg ikkje eksistert utan Møsvatn. Innsjøen, som ligg 900 meter over havet og er Telemarks største, er tri gonger demma opp for å regulere vasstilførsel til dei fem kraftverka vatnet passerar før det endar opp i Tinnsjøen. Historia om industrieventyret er også historia om Møsstrond, bygdesamfunnet rundt Møsvatn som gav så mykje, men som fekk så lite att.

Bevaring av originale fotografi er ei av museets viktigaste oppgåver. Museet tek vare på originalar for all æve slik at historia blir bevart og tilgjengelig for ålmenta og framtidige generasjonar. Motiv frå Møsstrond er underrepresentert i museets fotosamling. Det er viktig at historia frå dei som industriutbygginga fekk så store konsekvensar for blir samla inn og bevart.

Fotografi har ein heilt eineståande evne til å formidle og bidra til forståing av fortida, og det er difor viktig at dette materialet ikkje blir borte.

Norsk Industriarbeidermuseums fotosamling er registrert i databaseprogrammet Primus. Museet brukar og web-portalen DigitaltMuseum til å publisere bileta.

Du kan lese meir om prosjektet og korleis du kan bidra på nia.no og facebookgruppa «Fjellbygda Møsstrond – Innsamling av historiske fotografiar».

Har du bilete du trur kan vera av interesse, eller ynskjer å høyre meir om prosjektet, ta gjerne kontakt!

 
Kine Kristoffersen, Prosjektleder, Fotoarkivar
k.kristoffersen@nia.no / 483 93 960
Sundet på MøsstrondSundet på Møsstrond, 1915 - 1925.Foto: Ole Olsen Bakke/NIA
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk