Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kjernejournal

1. mars får alle sin eigen kjernejournal. Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste som inneheld viktige opplysingar om helsa di, som både du som innbyggjar og helsepersonell har tilgang til

Kjernejournal – samlar viktige opplysingar

Kjernejournal gjev helsepersonell rask tilgang til viktige opplysingar om pasienten. Det kan vera avgjerande når tida er knapp.

I dag vert ikkje alltid helseopplysingar delt mellom ulike behandlingsstadar. Det som står om pasienten i fastlegens journalsystem er ofte ikkje tilgjengeleg for andre behandlingsstadar. I kjernejournal får fastlegen, helsepersonell på sjukehus, legevakta og spesialistenesta tilgang på lik og oppdatert informasjon om pasienten.

Når det hastar å få tak i opplysingar, kan kjernejournal vera til stor hjelp.
Kjernejournal kan gje pasientane betre behandling og i ytterste konsekvens redde liv. 

Helsenorge.no – den offentlege helseportal

Du finn kjernejournalen din ved å logge deg på med elektronisk ID på helsenorge.no.

Oppfordring til innbyggjarane er å gå inn på helsenorge.no for å sjå på sin eigen kjernejournal og leggje inn relevante opplysingar. Har du ei alvorleg liding eller sjukdom, bør du snakke med legen om dette bør registrerast i kjernejournal.

Kort om kjernejournal

• Kjernejournal samlar viktige helseopplysingar om pasienten, slik som t.d. fastlegen, næraste pårørande, adresse, legemiddel, sjukehusbesøk og alvorlege allergiar/sjukdomar.

• Kjernejournal hentar opplysingar både frå offentlege register, behandlande lege og det pasienten sjølv legg inn.

• Legen registrerer kritisk informasjon (alvorlege sjukdomar/ tilstandar/allergiar)

• Pasienten finn sin kjernejournal på helsenorge.no

• Pasienten kan reservere seg ved å logge seg inn på helsenorge.no, klikke på kjernejournal, gå til innstillingar.

Meir informasjon?

For innbyggjar: www.helsenorge.no/kjernejournal

For helsepersonell: www.ehelse.no/kjernejournal 

Informasjonsbrosjyre - bruk kjernejournal


   
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk