Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunal støtte til næringsutvikling

I samband med rullering av næringsplanen for Vinje kommune 2017-2021 blei det vedtatt at kommunen i særlege tilfelle kan gje bidrag/økonomisk støtte til enkeltprosjekt/tiltak/bedrifter.

Søknad om slik støtte skal handsamast politisk. Bakgrunnen for vedtaket var ynskje om å stimulere til vidare næringsutvikling i privat sektor i kommunen.
18.05.2017 vedtok formannskapet retningsliner for kommunal støtte til enkeltprosjekt/tiltak/bedrifter.

Fylgjande retningsliner blei vedtekne


For å stimulere til vidare næringsutvikling opnar ein for at kommunen i særlege tilfelle, etter politisk vurdering, kan gje bidrag/økonomisk støtte til einskildbedrifter/enkeltprosjekt, jf. Næringsplanen.

Søknaden må gje ei utfyllande beskriving av prosjektet/tiltaket/bedrifta. 

Prosjektet/tiltaket/bedrifta bør bidra til å etablere eit nytt tilbod som ikkje eksisterer i kommunen frå før. 

Søkjar må ved søknad leggje fram ei grundig marknadsmessig og økonomisk analyse. Den økonomiske analysen må også innehalde eit likviditetsbudsjett.

Søkjar må i søknad kunne vise til tilstrekkeleg eigenkapital. 

Tilskotet som ytast kan ikkje overstige 30% av kapitalbehovet.

Søkjar pliktar å opplyse om søkjar tidligare har mottatt eller fått tilsegn om annan finansiell støtte til tiltaket/prosjektet/bedrifta. 

Tilskotet må vera i tråd med gjeldande EØS-reglar for bagatellmessig støtte. Samla offentleg støtte kan ikkje overstige 200.000 euro over ein periode på 3 rekneskapsår. 

Ein må i saksutgreiinga vurdere om tiltaket/prosjektet/bedrifta vil/kan bidra til etablering av nye fulltidsarbeidsplassar i privat sektor i kommunen. 

Søknadar om støtte skal handsamast politisk. 

Fylgjande vil/kan bli vurdert når søknaden blir handsama

• Om tiltaket/prosjektet vil bidra til auka verdiskaping og sysselsetting i Vinje kommune.
• Om tiltaket/prosjektet vil bidra til auka lønsemd for bedrifta.
• Om føresetnadar, planar og budsjett er realistiske.
• Innovasjonsgrad - kor nyskapande er tiltaket/prosjektet eller bedriftas øvrige verksemd?
• Om støtta er avgjerande for at tiltaket/prosjektet/bedrifta skal kunne gjennomførast. For store bedrifter må støtta også bidra til endring i omfang, størrelse, gjennomføringshastighet eller ressursallokering som ikkje ville skjedd utan støtta.
• Om bedrifta har evne til å gjennomføre tiltaket/prosjektet og utnytte resultata av det.
• Bedriftas konkurranseevne.
• Relasjonen til eventuelle samarbeidspartnarar som er kritiske for bedrifta eksistens og leveringsevne, eller som skal bidra med kompetanse eller finansiering i tiltaket/prosjektet.
• Sikkerheitsdekning for lån og bedriftas evne til å betene gjeld.

Det blir ikkje gjeve tilskot til 

- Innkjøp av varelager og investeringar i lett omsettelege varer.
- Transportmiddel, leasingbilar(firmabilar) og vedlikehald av desse.
- Drift av verksemder (driftstilskott).
- Private planprosessar.
- Aksjekjøp, emisjon, eller medlemstilskot i andre organisasjonar.
- Tiltak/etableringar som gjev lokal konkurransevriding.

Utbetaling 

1. Når det i prosjektet har påløpt meir enn halvparten av budsjetterte kostnadar, kan halvparten av innvilga tilskot utbetalast. Påløpte kostnadar skal dokumenterast og stadfestast av godkjent rekneskapsførar.
2. Når tiltaket er gjennomført skal det leverast ein sluttrapport med tilhøyrande revisorstadfesta rekneskap (tilskott inntil 50 000 kroner kan eigengodkjennast av godkjent rekneskapsførar).
3. Tilskotet blir utbetalt forholdsmessig etter godkjent rekneskap, likevel ikkje utover vedtatt tilsegnsbeløp.
4. Viss ikkje tilskotet er oppmoda utbetalt i samsvar med vedtak som ligg til grunn for løyvinga innan 2 år frå vedtaksdato, vil tilskotet automatisk falle bort. Det kan søkjast om utsetting. Søknad om utsetting må vera velgrunna og skal sendast Vinje kommune seinast 2 månadar før fristens utløp.
5. Prosjektet/bedrifta som har mottatt tilskot får ei bindingstid i Vinje kommune på 10 år, og rekneskap for drifta skal vera tilgjengeleg for Vinje kommune dei første 10 år etter at tilskotet blir gitt.
6. Dersom bedrifta avviklar eller flyttar frå kommunen før bindingstida er ute, kan tilskotet krevjast tilbakebetalt, heilt eller delvis.

Søknadsskjema finn du her

Vinje kommune kommunevåpen
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk