Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunereformen

Det er no det skjer, forarbeidet med kommunereforma i Noreg –
og det er no du som innbyggjar har høve til å vera med å forme framtida til Vest-Telemark!

I samarbeid med Telemarksforsking har Vest- Telemarkrådet laga eit enkelt og kortfatta spørjeskjema. 

Korleis meiner du at ei eventuell samanslåing vil påverke fagmiljøet i kommunen din?
Og kva med kvaliteten- og tilgjenget på dei kommunale tenestene?
Trur du kommunesamanslåing vil syte for eit meir livskraftig lokalsamfunn –
eller står kommunen din betre rusta åleine?

Kva nettopp du tenkjer om dette – og litt til – vil dei gjerne vita meir om.

Difor vonar me at du vil spandere 3-5 minutt av dagen din på å ta del i spørjeundersøkinga til Vest- Telemarkrådet. 

Svara dine blir med som innspel i den vidare prosessen. 

Svara er konfidensielle, og dei vert handsama og presentert av Telemarksforsking. 

Undersøkinga finn du her


Kommunereform
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk