Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 18.09.2014Kontaktperson: Kjetil Vaagen

Nye bustadtomter i Krontveit

Nye bustadtomter i Krontveitfeltet på Rauland blir nå lagt ut for sal.
Gjer merksamd på at tomt nr 19 også er ledig for tinging.

Kommunen legg opp til felles synfaring med interessentane torsdag 18. september kl 18.00.

På grunn av stor førehandsinteresse for desse tomtene, vil det bli loddtrekking om nokon ynskjer same tomt.
Frist for å sende inn søknad som blir med i loddtrekkinga er 25. september.

 

Litt informasjon om arbeid som er utført i feltet

Vinje kommune har etablert veg, vatn, avløp og overvassnett til 45 nye bustadtomter på Rauland. Vinje kommune ynskjer å informere litt om tomtene samt kva krav kommunen set til kjøpar av tomt.

Det er lagt vatn og avløp inn på alle dei nye tomtene. Hovudleidningar er lagt som vist på teikning under. Vassleidningar har stengekran i kum. Stengekran for den enkelte tomt er merka med tomtenummer (frå reguleringsplan) nede i kummen.

Tabellen nedanfor angir lågaste høgde på sluk, både for spillvatn og overvatn på tomtene. Den angir og kva for vasskum tomta har stengekran i, samt om tomta er tilkopla overvassnettet. På tomt 29 er det lagt pumpeleidning for avløp, så utbyggar må her etablere privat kloakkpumpestasjon.

Ved tomt 26 og 27 er kommunal hovudleidning lagt om då denne vart liggande under tomtene. Ved graving inne på desse tomtene kan ein kome i konflikt med leidningane, men desse er kopla i frå og kan i så måte fjernast. 

Overvatn

Det er lagt overvassleidning til dei aller fleste tomtene, sjå tabell under. For dei tomtene det er lagt ut overvassleidning, er det eit krav at tomtekjøpar koplar seg på denne, og ikkje fører overvatn/drensvatn til terreng.

Veg

Adkomstveg er asfaltert med eit lag 4 cm  asfalt. Etter at feltet er ferdig utbygt tek kommunen sikte på å asfaltere ytterlegare eit lag, samt legge asfalt på fortauet inn i feltet. Når feltet er ferdig utbygt vert det fortau inn til krysset ved tomt 34.

Elektrisk kraft og fiber

Det er 400 V straumforsyning i det nye feltet. For tinging av byggeskåp og straumabonnement må Rauland kraftlag kontaktast. Saman med straumforsyning ligg og trekkerør for fiber. For tinging av fiberabonnement må ein kontakte Rauland kraftlag eller Telefiber. 

Rydding av tomter

Det er opp til tomtekjøpar å rydde tomtene for skog, kvist og liknande. Det er også opp til tomtekjøpar å fjerne dette, og det skal ikkje leggast på andre tomter eller på kommunens eigedom.

 

Tomtepris

Pris for kommunal bustadtomt er sett til kr 150 000.
Tinglysingsgebyr og dokumentavgift kjem i tillegg - sjå her for fullstendig prisoversikt

 

Oversikt over ledige tomter i Krontveit

Oversikt Krontveit VA

Tabell Krontveit VA overvassleidning

Retningsliner

Søknadsskjema

 

 

 

 

 

Krontveit bustadfelt
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk