Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kultur- og idrettsstipend 2017

Årets kulturstipend er tildelt Irmelin Trøite og idrettsstipendet er tildelt Eivind Kittelsen

Kvar av stipenda er på kr 25 000.

Irmelin Trøite

er 16 år og elev i kulturskulen. Ho spelar gitar og piano. Ho skriv óg songar sjølv, og har hatt mange oppdrag og utanfor kulturskulen. Ho er med i eit band no, men har og vore med i eit fordjupningsband med nokon av dei beste frå Vest-Telemark. Irmelin fekk Draumestipendet frå Norsk Tipping og Kulturskulerådet i vår. Ho har delteke på fylkesmønstringa i UKM fleire år på rad. Irmelin ynskjer å leve av musikken sin. I samråd med Kulturskulerektor finn me at Irmelin fyller krava for å få kulturstipendet.

Irmelin Trøite lite

Eivind Kittelsen

er 18 år og går på Norges toppidrettsgymnas på Lillehammer på klatrelina. Han klatrar for I.L Dyre Vaa og kan vise til sterke prestasjonar i klatreveggen. Miljøet i Dyre Vaa motiverte han til å satse på klatring, og klatreveggen i Raulandshallen har betydd mykje for han. Han har hatt stor framgang etter at han byrja på NTG der det er nokon å strekke seg etter, og han har både trenar og treningsplan. Etter søknadsfristen har han tatt både gull og bronse i ulike greiner i NM i klatring i Stavanger no i november. Idrottsrådet har uttala seg og er klare på at Eivind er ein verdig mottakar av eit idrettsstipend.

Eivind Kittelsen lite




















  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk