Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturminneplan for Hardangervidda nasjonalpark

Det vert halde folkemøte i Telemark, Buskerud og Hordaland for å informere om arbeidet med planen

Hordaland, Buskerud og Telemark fylkeskommunar i samråd med fylkesmenn, kommunar og grunneigarorganisasjonane utarbeider kulturminneplan for Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell.

Kulturminneplanen er eit oppfølgjande tiltak i ”Forvaltingsplan - Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde”.  Målsetjinga er å utarbeide retningsliner for sikring og forvalting av kulturminne i nasjonalparken og landskapsvernområda.

Planen skal formast i medverknad med berørte partar og interesser. Det vert halde folkemøte i Telemark, Buskerud og Hordaland for å informere om arbeidet. Innbyggjarar i kommunane kring Hardangervidda, grunneigarar av fjellet er særleg inviterte.

Folkemøte Hordaland

Ullensvang Heradsstyresal 15.september kl. 18.00-20.00

Folkemøte Telemark

Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu 16.september kl. 18-20.00

Folkemøte Buskerud

Ustedalen Hotel på Geilo 17.september kl. 18-20.00

Hardangervidda nasjonalpark
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk