Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturprisen 2014

Me bed bygdefolk koma med framlegg til prisvinnar innan 31.12.14.


Vedtekter for kulturprisen

Vedteke i Oppvekst- og velferdsutvalet 24.10.2012

  1. Kulturprisen skal delast ut årleg. Utdelinga skal skje i mars-april.
  2. OVU gjer vedtak om kven som får prisen.
  3. Eining for kultur legg fram innstilling til prisvinnar. Kandidatar frå tidlegare år kan og vurderast.
  4. Kvar haust blir bygdefolk invitert til å koma med framlegg til prisvinnar. Fristen er 31.12. Framlegget skal vera skriftleg med grunngjevingar, som ein sender til Eining for kultur
  5. Ein kan få kulturprisen for framifrå dugleik innom ei eller fleire greiner i kunst- og kulturarbeid. Ein kan og få kulturprisen for framifrå kulturarbeid innafor lag- og organisasjonsarbeid.
  6. Prisen er ein diplom og ein gåvesjekk på kr 20.000,- .
  7. Prisen kan ikkje delast, men ein kan gje han til ein familie eller eit ektepar.

 

Her finn du ein oversikt over tidlegare vinnarar av kulturprisen

Framlegget skal vera skriftleg med grunngjevingar.
De sender det til Vinje kommune, Eining for Kultur, Vinjevegen 192, 3890 Vinje eller postmottak@vinje.kommune.no

Vinje kommune kommunevåpen
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk