Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturprisen 2014

Birger Kjelingtveit får kulturprisen for 2014


Birger er, og har vore ein særs aktiv mann i organisasjonslivet i 40-50 år. Nokre verv har vore synlege, men veldig mykje av det Birger har jobba med har vore meir som smøring i eit maskineri. Der det er trong for frivillig innsats har Birger vore på plass. Positiv, rask og effektiv. Ein arbeidskapasitet som er heilt utruleg. Han stiller med fotoapparat, filmkamera eller anna reiskap når noko skal forevigast, reparerast eller på annan måte arbeidast med.

Birger er no leiar av Historielaget i Rauland som har ein stor bokproduksjon og ein solid økonomi.
Kulturprisen er på kr 20 000 og ein diplom, som vil bli delt ut på eit kommunestyremøte eller ei tilskiping kommunen har.
Birger Kjelingtveit
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk