Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturprisen 2016

Vegard Eivind Omdal får kulturprisen for 2016

Vegard har gjennom mange år vore eit fast innslag bak pianoet, eller med trekkspel, på mange samkomer, slik som Pensjonistlag, Songlaget, Vinje viseklubb, Måneskin, joletrefestar, 17.mai og skuleavslutningar. Han har og vore organist. Vegard seier at han ikkje kan noter og spelar alt på gehør. Så det er bare å tinge ein song, så renn tonane ut.

Mange lag har hatt glede av talentet hans innom musikken, og han har vore leiar i Vinje songlag gjennom mange år og initiativtakar til det som no er Vinje viseklubb, ei underavdeling av Folkeakademiet i Vinje. Saman med Nina R. Svendsen har han hatt mange allsongstunder på institusjonane våre. Det er nok mange som stiller seg bak avgjersla om at Vegard er verdig ein kulturpris.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk