Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturprisen for 2015 til Vinjeutstillinga

Utdeling av prisen vil skje under opninga av Vinjeutstillinga sundag 25. juni kl 14.00 på Vinjar

Utstillingskomiteen har sidan Handverkslaget tok over Mjonøy hatt ansvaret for Vinjeutstillinga, ei kunst og handverksutstilling med historiske røter tilbake til Henrik Sørensen si tid på 1960-talet. Utstillinga har i alle år hatt høg kvalitet og arbeidet med å stelle i stand utstillinga har vore gjort på dugnad. Det ligg ei stor arbeidsinnsats bak ei slik utstilling. Utstillingskomiteen brukar vintermånadane på å finne og ta kontakt med interessante kunstnarar og handverkarar lokalt, regionalt og nasjonalt. I tillegg skal ein finne programleiar, kåsør og musikalsk underhaldning til opningsprogrammet.
Utstillingskomiteen nyttar mange dagar til dugnadsarbeid med å gjere i stand lokala, rigge til, pakke opp og montere utstillinga. Etter endt utstilling skal den så demonterast og pakkast ned. Det ligg mange gratis arbeidstimar i det å lage ei slik stor og variert kunstutstilling. Sentralt i utstillingsarbeidet og primus motor i mange år har vore Bjørg Krossbakken.

Vinjeutstillinga
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk