Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kurs i nærverstrening og stressmeistring

Mange opplever stress i kvardagen både i forhold til arbeid, studie, fritid og relasjonar til andre. Dette kan føre til indre uro, å kjenne seg nedstemt, søvnvanskar og utmatting. Vinje Frisklivssentral tilbyr difor kurs i nærverstrening og stressmeistring.

Kurset baserer seg på dei standardiserte læringsprogramma - Mindfulness-based stress reduction (MBSR) og Mindfulnessbased Cognitive Therapy (MBCT). Gjennom meditasjon og enkle yogaøvingar, trener vi på å vere merksamt tilstade i kvardagen - med det som skjer i oss sjølv og i møte med omverda. I kurset vil vi utforske vårt forhold til stress og finne måtar å handtere stressande hendingar på. På heimesida til Norsk forening for oppmerksomt nærvær  kan du lese meir om denne tilnærminga.

Kurset består av 1 times introduksjonsmøte + 6 kveldssamlingar (à 2 ½ time). For å få utbyte av kurset tilrår vi at du set av ca ½ time dagleg ”heimetrening” mellom samlingane. Kurshalderar er Astrid Marie Kvaal og Randi Sørheim. 

Tid: Måndagar kl 18.30. Oppstart: 21.januar

Stad: Rauland

Påmelding innan 14.januar til astrid.marie.kvaal@vinje.kommune.no/mobil 409 03 663.

Passar kurset for alle?
I introduksjonsmøtet 21.januar vil vi orientere om nokon helsetilstandar og/eller livssituasjonar då vi ikkje tilrår deltaking på kurset. Ta kontakt dersom du vil vite meir, eller om du er usikker på om kurset er noko for deg.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk