Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kvardagsrehabilitering

Vinje kommune startar opp med kvardagsrehabilitering 1. februar 2016

Kvardagsrehabillitering er rehabilitering og førebygging medan du bur i eigen heim, og er eit tilbod som har som mål å auke evna til å meistre daglege aktivitetar i kvardagen.

Kvardagsrehabilitering tek utgangspunkt i det som er viktig for deg og ditt liv, og går føre seg over ein tidsavgrensa periode på 8 veker. Tenesta vert gjeven av eit tverrfagleg team som består av fysioterapeut, ergoterapeut, fagarbeidar og sjukepleiar.

 I fyrste omgang vil kvardagsrehabilitering starte opp i Åmot heimetenestedistrikt, men vil gradvis bli innført også i dei andre heimetenestedistrikta. 

Tenesta søkjer du om på dette skjemaet, og tenesta vert tildet gjennom koordinerings- og tildelingskontoret.


Ergodama
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk