Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Luftfartøy i storviltjakta

Kommunen har gjennom forskrift opna for at det i samband med storviltjakt utanfor Hardangervidda nasjonalpark kan nyttast luftfartøy til utvalde landingsplassar utan å søkje om løyve. Dette gjeld til transport av personar og utstyr i perioden 3 dagar før og 3 dagar etter jakta.

Følgjande landingsplassar kan nyttast:

  • Vest for Songa; Mannevatn, Årmotvatn, Vassdalsvatnet, Øvre Edlandgrøvatn, Sandvatn (v/Songa)
  • Vest for Møsvatn; Vesle Bitdalsvatn, Den vide hola, Kolsnutlægi(Kolsnutlega), Vonskinvatnet, Reinarvatnet, Krakavasstjønnan, Midtjønn(Metjønn)
  • Aust for Møsvatn; Øvre Tuddøltjønn (1299), Vråsjåen.
  • Setesdal vesthei; Ingelsvatn, Skurevatn.
  • Setesdal austhei; Rasteintjønn, Gurivatn.

Landing med helikopter må skje maks 100 m frå vasskanten.
Fast startplass er ved: Songa, Haukeliseter, og Møsvatn ved dammen.

Dersom de ynskjer å nytte luftfartøy i samband med storviltjakt utanfor nemnte landingsplassar må de i medhald av motorferdsellova §6 søkje kommunen om løyve.
Alle søknadar må innehalde informasjon om området for løyve. Landingsplassar skal tydeleg avmerkast i kart, med namn og korrekt gards- og bruksnummer. Manglande informasjon vil føre til at søknaden blir returnert og sakshandsamingstida forlenga.

For å vera sikker på at søknaden vert handsama før jaktstart, ber me om at fullstendig søknad sendast kommunen innan 06.08.2018 for reinsjakt og 31.08.2017 for hjort- og elgjakt.

Søknadsskjema finn du her.

Link til forskrifta

For spørsmål knytt til bruk av luftfartøy innanfor Hardangervidda Nasjonalpark kan du ta kontakt med tilsynsutvalet for Hardangervidda- Tinn kommune v/Bjørn Bjørnsen tlf 995 67 846.


Berunuten - gevir
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk