Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lynnedslag drap rein

Lynnedslag drap 323 villrein i Vinje. Denne overskrifta kunne ein lese i nyheitene i helga og denne veka.

Eit kraftig lynnedslag tok fredag 26. august livet av 323 villrein ved vesle Saure i Vinje kommune. I utgangspunktet er slike hendingar kommunen sitt ansvar. Kommunen har vore i kontakt med Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn. Mellom anna pga omfanget, handterer dei saka vidare. 

Hovuda av dei vaksne dyra (253 stk) er frakta ut av området, det vil bli teke prøver av dei med tanke på prionsjukdomen CWD som i vår blei oppdaga i 3 tilfelle på hjorteviltet i Noreg. I tillegg til dette vil det bli teke andre prøver av dyra, både dei vaksne og kalvane.

Meir om hendinga kan du lese på Miljødirektoratet sine sider og Norsk institutt for Naturforskning sine sider. 


døde villreinFoto: SNO/Håvard Kjøntvedt
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk