Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

Formålet med tilskotsordninga er å motvirke og eller dempe konsekvensane av fattigdom blant born og ungdom.
Søknadsfrist 20. november 2015

Tilskotsordninga skal vera eit virkemiddel for å gje høve til at fleire born og ungdom skal få deltaka på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktvitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnadar.

Kven kan søkje?

A) Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar.

Det skal opplysast om kva for ein kommune tiltaka høyrer inn under.
Søknadane vert vurdert og prioritert av dei respektive kommunane.

B) Frivillige organisasjonar som arbeider for å gje eit tilbod til born og ungdom ramma av fattigdomsproblem .

Søkjer direkte til Bufdir.
Søknaden skal sendast av organisasjonens sentralledd.
Det enkelte tiltaket må omfatte deltakarar i målgruppa frå minimum 3 kommunar.
Søknadane vert kun handsama av Bufdir.
Organisasjonar som søkjer og mottek tilskot direkte, vil ikkje kunne motta midlar til dei same tiltaka gjennom underliggjande ledd ved søknad via kommunen.

Søknadsskjema og meir informasjon finn du her

Regelverk for nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom - rundskriv 01/2016 Veiledar til rundskriv 01/2016 - Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom - søknad om støtte for 2016


Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk