Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ny skulesjef Åmot skule

Vinjeskulen får ein ny medspelar på laget. Marit Hovind (50) er ein utflytta trønder som trivast på bygda, likar friluftsliv med hunden Balder og elskar å renne Telemark.

Ho har to vaksne søner i studiar. Ho er mellom anna matematikklærar med mange års kontaktlærarerfaring frå barne- og ungdomsskular i Tydal og Trysil. Dei siste åra har ho jobba mykje med skuleutvikling og særleg differensiert undervisning.

Marit seier at ho har erfaring nok til å vite at ein ofte i skulen må seie «eg trur at du kan» og veit at når ein er på lag med foreldre, elevar og tilsette så kan ein få til det meste. Ho er ikkje redd for å prøve ut noko nytt og er oppteken av korleis ein framtidsretta skule skal vere for at kvar enkelt elev skal lære. 

Ho seier at ho gler seg til å starte i jobben som skulesjef ved Åmot skule i Vinje, i ei bygd med rammer og tradisjonar for å lukkast. Me trur det blir sunt å få inn nytt blod og ein ny skulesjef med fartstid frå skule i ein annan del av landet.

Vinje kommune ynskjer Marit hjarteleg velkomen og lykke til i ny jobb frå 01.08.16.


marit hovind
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk