Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ny skulesjef Rauland skule

Asle Karlsson Benkestok Bø frå Nærbø på Jæren, no busett i Bø er no tilsett som ny skulesjef på Rauland skule frå 01.08.16.

Han er gift med Martha og har tre vaksne born og har vore busett i Bø sidan 2000. Han er utdanna faglærar i historie, idrett og IKT og har dessutan gjennomført rektorskulen.

 
På fritida har Asle alltid likt friluftsliv, jakt og våpen så lenge han kan hugse. Fiske om sommaren, jakt om hausten og ski vinter og vår. Asle er interessert i krigshistorie, særlig andre verdenskrig. Reiser han utanlands er Italia 1. prioritet. Asle seier han alltid har vore ein glødande nasjonalromantikar, og at det difor kan passe han heilt glimrande å jobbe på Rauland.
Vinjes tradisjonar, kultur, geografi m.m. kjenner han at kan passe perfekt.
 
Asle har jobba som assisterande rektor på Bø skule sidan 2009, og hausten 2015 fullførte eg rektorutdanning på BI. Han seier han har høyrt mykje positivt om Rauland skule og Vinje kommune. Han gledar seg og seier at han er takksam for å ha fått denne stillinga. Vidare seier han at «skulen er ein av dei viktigaste institusjonane i vårt samfunn i dag, så det er ei ansvarsfull oppgåve eg har teke på meg, og eg gleder meg til å møte nye elevar og kollegaer i august.»
 

Me ynskjer Asle Bø hjarteleg velkomen som ny leiar og medarbeidar i Vinje kommune.


asle bø
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk