Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nytt om frikort for helsetenester

Frikort for eigenandelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017

Dette er nytt frå 1. januar 2017

  • Du får frikort eigenandelstak 2 utan å søkje om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket er nådd.
  • Eigenandelstaket for frikort eigenandelstak 2 er kr 1 990 for 2017.
  • Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk tilbakebetalt.
  • Aldersgrensa for eigenandelsfritak er heva frå 12 år til 16 år.
  • Alle pasientar må betale eigenandel for behandling hos fysioterapeut - med unntak av born under 16 år og personar med yrkesskade (dette blei vedteke av Stortinget ved behandling av statsbudsjettet for 2017).
  • Du kan sjølv følgje med på dine eigenandelar ved å logge inn på helsenorge.no

I frikort eigenandelstak 2 inngår eigenandelar for

  • Undersøking og behandling hos fysioterapeut med driftstilskot eller kommunal fysioterapeut.
  • Enkelte former for tannbehandling.
  • Opphald ved private rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseforetak.
  • Behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo Universitetssjukehus - Rikshospitalet.

Frikort eigenandelskort 1- nytt eigenandelstak for 2017 er kr 2 205

Dette frikortet får du automatisk tilsendt i posten innan tre veker når du har betalt over kr 2 205 i eigenandelar i 2017.
Frikortet gjeld eigenandelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept.

Meir informasjon finn du på helsenorge.no/frikort

HELFO
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk