Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Offentleg ettersyn av formannskapets innstilling til..

Med heimel i Kommunelova §§ 44.7 og 45.3, vert formannskapet si innstilling til årsbudsjett 2014 og økonomiplan 2014 – 2017 for Vinje kommune, lagt ut til offentleg ettersyn. For utan kommunens heimeside, er dokumenta tilgjengelege på kommunens tenestetorg. Kommunestyret tek endeleg stillling til budsjett og økonomiplan i møte torsdag 12. desember.

Formannskapets framlegg til driftsbudsjett har ei utgiftsramme på 435,1 mill kr. I framlegget aukar ein driftsramma til Helse- og omsorg med 4,6 mill., medan næringstiltaka veks med 1,2 mill. Andre tiltak gå fram av budsjettskjema for kvar eining i vedlegg. 

Det er gjort framlegg om investeringar på snaue 311 mill. kr i økonomiplanperioden. Av dette kjem 91,8 mill. kr i 2014. Ei storsatsing på vatn- og avløp er årsaka til det ambisiøse investeringsnivået. Nytt bustadfelt på Rauland, Krontveit er, saman med omsorgsbustader på Kårstein-tomta, den store satsinga i 2014. Vidare startar ein på gjennomføring av reguleringsplanen for Rauland sentrum. 

Klikk her for å få opp sjølve dokumentet.

Pengesedler
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk