Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Saman om det gode rehabiliteringsløpet

Vinje kommune meldte seg våren 2015 som pilotkommune for eit prosjekt som tek føre seg det gode rehabiliteringsløpet frå sjukehus til kommune

Prosjektet vert drive av Sykehuset Telemark og er finansiert av Helsedirektoratet (1 mill kr) og Helse Sør-Øst (100 000 kr).

Prosjektet vart til som ei vidareføring av arbeidet som vart gjort med Plan for somatisk spesialisert rehabilitering i Telemark haust 2014 og vår 2015. Denne planen er no ute på høyring.

I arbeidet med planen kom det fram område som er ei utfordring for å få til gode og saumlause rehabiliteringsløp for pasientane i Telemark.

Dette resulterte i målsettinga for prosjektet: 

  1. Sjukehuset skal utarbeide gode rutinar for korleis dei vurderer ein utskrivingsklar pasient, og ha gode funksjonsvuderingar slik at kommunen kan gjera ei god vurdering av kva slags tilbod pasienten har trong for.
  2. Etablere eit velfungerande og rullerande system for kompetanseoverføring mellom spesialisthelsetenesta og kommunane innan rehabilitering. 
  3. Etablering av ei hensiktsmessig ambulant teneste i tråd med brukaranes og kommunanes trong. 


I tillegg skal prosjektgruppa sjå på kva for rolle telemedisin kan ha i samarbeidet mellom sjukehus og kommune.

Prosjektet er i startgropa, og tysdag 9. november var heile prosjektgruppa frå sjukehuset på besøk i Vinje for å bli kjent med kommunen og kva for tilbod Vinje kommune har til innbyggjarane sine.  

Vinje kommune har ein representant i prosjektgruppa, Elisabet S. Haagensen og ein representant i styringsgruppa, Astrid Kvaal. Prosjektperioden er eit år. Dette er eit spanande prosjekt som Vinje Helse og omsorg er veldig glade for å få vera med på og vil vera nyttig både for tilsette så vel som pasientar! 


Sykehuset i Telemark
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk