Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Røykesluttkurs

Kurset passar for deg som ynskjer å slutte med røyk eller snus. «Du treng ikkje vera topp motivert - det held at du har lyst».
Påmelding innan 12.01.18

Me legg vekt på å finne ein måte å slutte og røyke på som passar deg personleg. Samstundes er du ein del av ei gruppe som har felles mål og støttar kvarandre. Det er viktig at du stiller opp på kurskveldane. Gruppa treng deg, og du vil trenge gruppa.

Hovudinnhald i kurset

• Førebu røykeslutt (3 fyrste møte).
• Motivasjon, våre røykevanar og korleis kontrollere røykesuget vårt.
• Gjennomføre slutt.
• Oppretthalde det å vere røykfri/snusfri. (korleis motstå freistingar, korleis unngå demotivering, korleis unngå vektauke).

Kurset går over 6 kveldar fordelt på 7 veker og varer ca 1,5 time kvar gong. 
KURSET ER GRATIS!

Kursstart: onsdag 17. januar kl. 19:00 - 20:30
                 
Stad: Vinjehuset, møteromet i 2. etasje
 
Kursleiarar: Anne Haugo Mosdøl, Frisklivssentralen og KOLS-koordinator Liv Heidi Negarden
 

Påmelding innan 12.01.18 til: liv.heidi.negarden@vinje.kommune.no eller sms til: 414 87 964

Stopp røyke
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk