Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Skatteopgjeret for 2013

Sjølvmeldinga for 2013 er klar. Saman med sjølvmeldinga ligg ei førebels utrekning av skattar og avgifter for 2013.

Utrekninga viser om du får pengar til gode eller restskatt. Slik førebels utrekning gjeld ikkje for næringsdrivande og deira ektefelle/sambuar.

Mange får skatteoppgjeret den 25. juni og ikkje alle har pengar til gode. Restskatt over kr 1 000 forfell i to terminar, 20. august og 24. september. Om du får restskatt er det høve til å betale (ingen plikt) innan 31. mai 2014, då slepp du rentetillegget på restskatten.

Dessverre er det fleire skattytarar som ikkje betaler restskatten til forfall, noko som kan få alvorlege konsekvensar for den einskilde. Det er heilt unntaksvis at det vert gjeve betalingsutsetting eller betalingsavtale. I alle slike tilfelle krev det skriftleg søknad og dokumentasjon av økonomien.

Om restskatten ikkje blir betalt til rett tid og skatteoppkrevjaren har lagt ned trekk i løn eller trygd, vil det bli registrert som betalingsmarknad. Det same vil skje om det blir tatt utlegg for kravet, sjølv om det ikkje er noko å ta utlegg i. I siste tilfelle blir det lagt til gebyr som må betalast i tillegg til restskatten og renter.

Blir det registrert ein betalingsmerknad, kan det bli svært vanskeleg å få lån eller kreditt i bank eller andre finansinstitusjonar. Fleire forsikringsselskap ynskjer ikkje kundar med betalingsmerknader, og noko så enkelt som eit mobilabonnement eller eit drivstoffkort kan bli avslege dersom det ligg føre slike merknadar.

Vi på skatteoppkrevjarkontoret oppfordrar alle til å betale til rett tid og sette av midlar til restskatten allereie no. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller behov for råd i samband med betaling av restskatt.
Sjølvmelding
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk