Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Spørjeundersøking til grunneigarar

Vinje kommune er i gang med å revidere motorferdselsplanen og det raude løypenettet. I samanheng med dette ønskjer vi å få tilbakemeldingar frå grunneigarar som har hatt det raude løypenettet over eigedomen sin. Tilbakemeldingane vil liggje som grunnlag for det vidare arbeidet med løypenettet.

Alle grunneigarar som har ein skutertrase knytt til det raude løypenettet over sin eigedom eller der eigedomen er den næraste eigedomen på land der skutertraseen kryssar vatn, vil få brev frå Vinje kommune datert 4.november. Sidan traseen som er teikna inn i motorferdselsplanen er grov og noko unøyaktig, vil også grunneigarar som har eigedom innanfor 100 meter til skutertraseen få brev. 

Me ynskjer at du som grunneigar fyller ut dette skjemaet ved å klikke her.  

Du kan svare på spørsmåla og levere skjemaet på følgjande måtar:

  • Sende det utfylte skjemaet i posten til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje
  • Scanne det utfylte skjemaet og send til postmottak@vinje.kommune.no
  • Gå inn på denne linken og svar på spørjeskjemaet digitalt. Passordet står i brevet frå Vinje kommune.
  • Levere skjemaet på informasjonsmøte på Rauland 27. november 2014.
    Frist for innlevering er fredag 28. november 2014.

    Dersom du ikkje har skutertraseen over eigedomen din, treng du ikkje levere inn spørjeskjemaet. I planprosessen vil det bli fleire høve til å kome med innspel - tidlegast på eit informasjonsmøte på Rauland 27. november.

Informasjonsmøte

Vinje kommune kjem til å halde informasjonsmøte 27. november på Raulandshuset for alle innbyggjarar i Vinje kommune. Hovudtema på informasjonsmøtet blir kva som er status for rekreasjonskøyring på skuter og planprosessen for det raude løypenettet.

Meir informasjon om dette kjem.

Skuterspor i sno
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk